Fulltidsreisefamilie, worldschooling, og vårt frie liv i ein bobil.

Sirkus Strandos ved bobil i Danmark

Me er ein familie på 4 som hoppa ut av hamsterhjulet, solgte vekk bil og eigendelar, sa opp jobb og skule, pakka ned hus og heim for å flytte inn i bubilen vår. Med den skal me vere på langreise i Europa, der me bedriv worldschooling og heimeundervisning på jentene våre, samtidig som me jobbar med eigen bedrift frå vegen.

Me er her for å vise deg korleis livet som ein anleis familie kan vere, og korleis du og kan skape deg ditt eige frie og anleise liv, både med og utan barn!

På instagramkontoen vår @sirkusstrandos, delar me tips og inspirasjon til både korleis du sjølv kan oppnå dine draumar, bobilliv, reisetips, worldschooling, og ærlege innlegg om korleis eit familieliv som fullltidsreisande eigentleg er.

Sirkus Strandos – Instagram
Sirkus Strandos ved Rummu innsjø, Estland
"Det er betre å angre på noko ein
har gjort, enn å angre på noko
ein aldri gjorde"
Kva kan du gjere i dag,
for å skape deg eit friare liv i framtida?
Fulltidsreisefamilie

Kven er @sirkusstrandos?

Me heiter Stine Vee og Kjetil Strandos. Me er gift, har to barn, og når me ikkje er på reise i Europa, høyrer me heime i Jølster. Me starta draumen om eit friare liv 2019, og har sidan da jobba målretta mot å skape eit friare liv, og ta eit friår på reise i Europa.

No bur me i bubilen med våre to barn på 10 og 12 år, som me heimskular på vegen.

Kan du ta eit år fri og samtidig ta ungane ut av skulen?

Ja, det kan du! Og me er her for å vise deg korleis, og kva grep me har gjort for å komme hit.
Me er her for å gje deg den informasjonen og inspirasjonen me sjølv mangla, da me byrja vår reise for fem år sidan.

På samme tid vil du få masse reisetips, og køyreruter me vil dele med deg etterkvart som me beveger oss nedover i Europa.

Følg oss på instagram @sirkusstrandos
og bli betre kjent
med oss

HER