Mange land i Europa krev at du betalar veiavgift for å køyre på enkelte veistrekningar, eller heile motorveinettet.
Dersom man ikkje betalar slik veiavgift, eller bompengar, kan man vente seg store bøter frå kr 500,– til mange tusen kroner avhengig av kva slags køyretøy ein har.
Heldigvis er det enkelt å betale veiavgifta, og ofte ved å kjøpe ein E-vignette.
Det finnast nettstader som selger vignettar for alle land, men det er pengar å spare på å kjøpe direkte frå landets offisielle nettstad. Det er oftast mulig å velge engelsk språk, men visst ikkje kan ein oversette direkte med chrome-nettlesaren om det er denne ein benytter.
Her vil vi vise deg kva reglar som gjeld, og kvar du får betalt veiavgift for dei forskjellege landa.
Kilde: tolls.eu
Sist oppdatert 28.07.24
I Albania er det kun motorveien A1 Rruga e Kombit, som går frå grensa mot Kosovo i aust, til hovedstaden Tirana som har avgift. Det er kun éin bomstasjon på den 130 km lange motorveien, og den ligg nær Kalimash-tunnelen, 34 km frå grensa mot Kosovo. Godtar kort og kontant.
I Andorra er det kun Envaliratunellen som har avgift. Betalast ved bomstasjon før inngang til tunell. Prisinformasjon finn du her.
Belarus har veiavgift på delar av motorveiene og hovedveiene.
For køyretøy opptil 3 500 kg er det enklast å kjøpe E-vignette her. Men det kan også kjøpast på lokale salgspunkt, oftast bensinstasjonar langs med tollvegane.
For køyretøy over 3 500 kg krevast det at ein har ein såkalla BelToll on-board unit (OBU). Denne kan også kjøpast på dei samme lokale salgspunkta. Det stillast forøvrig litt ekstra krav til dokumentasjon for tyngre bilar. Meir info om OBU finn du her.
I Belgia er det kun Liefkenshoektunellen som har avgift. Betalast ved bomstasjon før inngang til tunell. Prisinformasjon finn du her.
Bosnia har nokre få strekningar på motorveien A1 som har avgift. Denne betalast i bomstasjon på motorvei, med kort eller kontant.
Bulgaria krev avgift på dei fleste veiene i landet. Det enklaste er å kjøpe ein E-vignette her. Men du kan også kjøpe vignette på utsalgsstader rundt om i landet, og i ein eigen app.
Det kostar også å ta ferje over Donau i nord mot Romania. Betalast på staden.
Danmark har ikkje veiavgift, men dei krev betaling for følgande bruer som du finn meir informasjon om her:
Storebælt
Øresund
Estland krev veiavgift for køyretøy over 3,5 tonn. Du får kjøpt vignette på utsalgsstader rundt om, men E-vignette kjøper du enklast her.
I Finland har dei ingen veiavgift, og motorveiane er difor gratis.
Det er veiavgift på mange strekninger på motorvei i Frankrike. Denne betalast med kort eller kontant i bomstasjonar på motorveien.
Også ferjer og bruer har denne løysinga.
Det er veiavgift på dei fleste motorveiene i Hellas. Denne betalast med kort eller kontant i bomstasjonar på motorveien.
Også bruer har denne løysinga.
Det krevast tollavgift på nokre delar av motorveinettet, og nokre bruer og tunellar. Dette betalast med kontantar i bomstasjonar på dei aktuelle stadane.
Men, motorveiringen M50 rundt Dublin har ingen bomstasjon, men er avgiftsbelagt. Her må man betale via appen Payzone, telefon eller enklast på nett.
Island har kun bompengar ved passering av den 7,4 km lange Vaðlaheiðargöng-tunellen og den betalast her.
Det er avgift på motorveiene i Italia. Her trekker man ein lapp når man køyrer inn på motorveien, og leverer den og betaler når man køyrer ut av, med kort eller kontant.
På motorveien A36 Pedemontana Lombarda nord for Milano er det ingen bomstasjonar. Så her må ein betale på internett her.
Det kan man forøvrig også gjere dersom man har køyrt av ein av dei andre motorveiene utan å betale i bomstasjon.
Dersom du har køyrt på A3 mellom Salermo og Napoli er det andre operatørar. Om du ikkje betalte i bomstasjon kan du korleis du kan gjere det her.
Også ein del tunellar på grensa til nabolanda i alpane har avgift. Det kan også vere høgdebegrensing i desse tunellane, så viktig å sjekke dette i forkant:
Brenner motorway
Great St. Bernard Tunnel
Mont Blanc Tunnel
Tunnel du Fréjus
Tunnel Munt la Schera
I Kosovo køyrer du gratis på alle veier.
Fram til andre veka i oktober trekker du lapp når du køyrer inn på motorveien, og betaler når du køyrer av. Etter dette innføres E-vignette som du kan kjøpe her.
Alle veiene på Kypros er avgiftsfrie.
Køyretøy som veg frå og med 3 001 kg må betale avgift. Dette inkluderer last, og vert faktisk målt i veibane under fart, fekk vi erfare. Du kjøper enklast ein E-vignette her.
Alle veier er gratis å køyre på i Liechtenstein.
I Litauen køyrer personbiler og bobiler gratis.
Personbiler og bobiler gratis. Biler over 12 tonn betaler avgift.
Alle veier er gratis.
Motorveier er avgiftsbelagt, og det enklaste er å kjøpe E-vignette her.
Funfact: Det er KUN utanlandsregistrerte køyretøy som skal betale avgift.
Veinetter i Monaco er gratis.
Du betaler på staden for passering av Sozina-tunellen, motorveien A1 Bar-Boljare, og veiferja Kamenari-Lepetane.
Her betaler ein kun for å køyre gjennom Westerscheldetunellen og Kiltunellen.
Kvart år har Westerscheldetunellen bompengefrie dagar, så skal du til Nederland og køyre gjennom den kan det vere greit å sjekke på linken over her kortid det er ;-)
Bompengar krevast inn på motorveiane A1, A2 og A4. Betalast i bomstasjonar på staden med kort eller kontant.
I Noreg er det bomveier over alt, og det anbefalast On-Board Unit (OBU), som Autopass-brikke. Om du ikkje har det, skaffar du det enkelt her.
For køyretøy registrert i utlandet er det nødvendig å registrere køyretøyet her for å få riktig klassifisering. Faktura blir sendt etterskuddsvid.
Det er kun strekningane som nevnt her på motorveiene A1 Gdansk-Toruń, A2 Świecko-Konin, A4 Katowice-Kraków som har avgift. Det enklaste er å betale med kort eller kontant i bomstasjonane på staden.
Portugal har gjort det litt kronglete. Her har dei valgt å ha vanlig bomstasjon med manuell betaling med kort eller kontant for nokre veier, men elektronisk eller automatisk betaling for andre veier. Informasjon om elektronisk betaling finn du her.
Avgift krevast på dei fleste motorveier og større veier, og det enklaste er å kjøpe E-vignette her. I tillegg er det avgift i sør på bruer over elva Donau. Der blir det betalt på staden.
Avgift betalast i bomstasjonar på motorvei. Ikkje alle motorveier er avgiftsbelagt.
Veiene i San Marino har ingen avgift.
Motorveiene har avgift, og det betalast med kort eller kontant i bomstasjonar rundt om på veiene.
Slovakia har avgift på motorveiene. Det enklaste er å kjøpe E-vignette her.
Også Slovenia har avgift på motorveiene. Det enklaste er å kjøpe E-vignette her.
Spania her bomstasjoner plassert rundt om på motorveiene der ein betaler med kort eller kontant.
Det er kun på motorveien M6 nær Birmingham, og for nokre bruer og tunellar det er bompengar. Her blir det krevd inn i bomstasjonar på veien.
På Dartford Crossing, Mersey Gateway og Mersey Silver Jubilee bruene blir bompengar samla inn via eit "free flow toll system" utan bomstasjonar, og avgift betalast med mobilapp, på internett eller ved ein Payzone-salgsstad.
For betalingsinformasjon for stader som bruker "free flow toll system" anbefaler vi å gå inn her, og trykke seg inn på den aktuelle staden i kartet og vidare på linken der for informasjon om betaling då det varierer frå stad til stad.
I Sveits krevast det avgift på motorveier for bilar under 3 500 kg. Det enklaste er å kjøpe E-vignette her.
Har du ein bobil over 3 500 kg, må du betale ein eingongssum som du får gjort her.
I tillegg krevast det inn bompengar på tunellane Tunnel Munt la Schera og Great St. Bernard Tunnel. Merk at i St. Bernard-tunellen kan det vere høgdebegrensning. Sjekk dette før du køyrer.
Sverige har ingen avgift på veier, men man betaler for å krysse nokre bruer. Motalabrua, Øresundbrua, Svinesundbrua, og Sundsvallsbrua er bompengar på.
På dei fleste motorveier og hovedveier er det avgift, og det enklaste er å kjøpe E-vignette her.
Nullutsleppskøyretøy kan vere fritekne frå avgift. Dei må likevel registrerast i systemet. Meir informasjon om dette finnast i same link.
Tyrkia har avgift på dei fleste motorveier i vest til hovedstaden Ankara, og søraust. Dei har eit system som automatisk registrerer køyretøyet basert på ein On-Board Unit (OBU), eller vignette som klistres i frontruta. Denne fås kjøpt enklast på bensinstasjonar nær motorveier.
Det er kun køyretøy over 7 500 kg som skal betale avgift for å køyre på motorvei i Tyskland. Denne skal betalast via On-board Unit (OBU), internett her, mobilapp, eller bompengeterminalar.
Køyretøy under 3 500 kg betalar kun bompengar i Herren- og Warnow-tunellane i den nordlige delen av landet.
Motorveiene i Ukraina er gratis.
For å køyre på motorveiene i Ungarn må man betale avgift. For bilar med totalvekt opptil 3 500 kg er det enklast å kjøpe E-vignette her.
For køyretøy over 3 500 kg må det benyttast On-Board Unit (OBU) og Hu-Go systemet. For informasjon om dette klikk her, og betaling klikk her.
Østerrike har avgift på dei fleste motorveier og hovedveier. Man må kjøpe vignette som klistremerke eller elektronisk. Klistremerker kjøpes på bensinstasjoner og andre salgspunkt rundt om. Men det enklaste er å kjøpe E-vignette her.
For køyretøy over 3 500 kg må det benyttast GO Box On-Board Unit (OBU) som kan kjøpast rundt omkring i landet og mange stader i nabolanda. Informasjon om dette og kvar du får kjøpt finn du her.
Også ein del tunellar har bompengar, som krevast inn i bomstasjonar. Aksepterer kort og kontant.