Bli kjent med oss

Kjetil og Stine

Me er Kjetil og Stine,

og dette er historia vår.

Me har gått frå utbrenthet og depresjon, til eit friare liv på våre premiss, og i tillegg har me no tatt eit friår der me reiser rundt i Europa. 

Me har alltid levd eit nøkternt liv, og verdset minner og opplevingar meir enn materialistiske goder. 

Året er 2019, me har to små ungar, fulltidsjobb, hus, to bilar, hund, og me har kjøpt oss tomt til å bygge nytt hus. Me er i jobbar som krev mykje av oss psykisk og fysisk, og me jobbar seint og tidleg. Me jobbar så mykje, at me må bytte på å vere med ungane, me er aldri ilag. Når me er på jobb har me dårleg samvittighet fordi me ikkje er med familien, og når me er med familien, har me dårleg samvittighet ovanfor jobben. På slutten av dette året kjem me til ein dag der Stine sit i bilen parkert utanfor jobb, tårene trillar, panikken stig med kvart åndedrag, fordi eg ikkje får meg sjølv til å gå ut av bilen og inn på jobb. Beina er tunge som bly og vil ikkje lystre.

Da denne dagen endeleg kom, me seier endeleg fordi dette vart vendepunktet. Endeleg stoppa kroppen opp og sa klart og tydeleg i frå om at dette ikkje går lengre. Me gjekk på autopilot midt opp i alt, og når ein står oppi ein slik situasjon iallefall i mitt tilfelle, så klarar ein ikkje å sjå seg sjølv utanfrå og tenke at dette ikkje er bærekraftig eller levedyktig i lengda.

Men no kom vendepunktet, og det var no me endeleg kunne rette opp i situasjonen. 

Me kom fram til ilag at det beste for meg og for oss, var at eg sa opp jobben min. Eg hadde ingen ny jobb som venta på meg, me hadde to små barn, hus, to bilar og me stod midt opp i husbygging. Me kunne gjere det fordi me alltid har levd eit nøkternt liv, me har aldri jaga status, aldri hatt anna gjeld enn boliggjeld, aldri levd over evne, og me har aldri maksa boliglånet vårt.

Me kunne klare oss heilt fint på ei inntekt, til eg vart betre og var klar til å finne ut kva eg hadde lyst å jobbe med. 

Og FOR ein friheit det er! Viss du stod i ein liknande situasjon, kunne du gjort det samme?

Og det var slik, ønskje om eit friår kom til.

Teksten fortsetter under bildet
Stine og Kjetil i Danmark ved bobil.

Spol fram 4 år, me har flytta oss til ein plass der familie og vennar er, Stine har starta for seg sjølv og kan styre dagane sine i stor grad, eg tenar mindre enn eg har gjort, men eg har mykje meir tid, og for oss er tid mykje viktigare enn pengar, me har meir tid ilag, me har allerede eit ganske fritt liv, me følar oss fri. Me har allerede her komt oss ut av hamsterhjulet, fordi me jagar ikkje lengre, og den følelsen der, er vanskeleg å slå. 

Sjølv om Stine tenar mindre, klarar me likavel å oppnå moglegheita til å ta eit friår, og med rett innstilling, fokus, mindsett og teknikkar så kan du klare det samme. Me er ikkje rike, me har ingen bachelor/mastergrad, me har ingen arv me har fått, ei heller millionlønn, me har gått yrkesfag og har faktisk lavtlønna yrker, men likavel lev me ifølge oss eit luksusliv, me manglar ingenting, og der ligg også nøkkelen; me er nøgd med det me har.

Målet vårt er å vise deg at man kan få til eit draumeliv med dei midlane ein har, det er ikkje uoppnåelig for deg å nå draumane dine sjølv om du ikkje er rik, du treng ikkje å skrote draumane dine om eit anleis liv fordi du trur du ikkje kan oppnå dei, fordi du ikkje har midlar til det. 

Da det storma som verst rundt oss og me var midt opp i all elendigheit, skulle me ønskje det var nokon som sa til oss at det ikkje var nødt å vere sånn. Me skulle ønskje det var nokon som sa til oss at jobb ikkje er alt her i livet, me skulle ønskje det var nokon som sa at det er heilt greit og lov til å jobbe redusert, at det er lov å ikkje ha det dyraste og flottaste huset og bilen, at det går an å vere heime med ungane istadenfor å ikkje ha dei i barnehage, at det går an å ha heimeskule, me skulle ønskje det var nokon som sa til oss at du ikkje er nødt å gjere slik som alle andre, at du må lytte til deg sjølv og gjere det som er best for deg og din familie! 

Me vil vere dei personane for deg! Me skal vise deg at det går an å leve eit anleis liv, og ikkje minst, me visar 2019-oss at det går an!

Don’t settle for less!
Me har fått det til, og det kan du og!

Sirkus Strandos – Instagram